Topp aktivitetsledersamling på Stokkøya

21.01.2015

Helga 18. og 19. oktober blei det arrangert Aktivitetsledersamling Hav for Midt-Norge. Stedet var Stokkøya og innholdet var både spennende og lærerikt.

Aktivitetslederne er selve kjernen i mange av padleklubbene. NPFTK Hav arrangerer derfor aktivitetsledersamlinger der målet er å inspirere til videre trening og utvikling, og å heve kompetansenivået.

Lidun Hareide er Veileder Hav i NPF og ledet samlingen for NPF. Her er hennes rapport fra samlinga:

330 Skvadronen på besøk

- Vi hadde invitert celebre gjestar; 330 skvadronen kom for å øve med oss. Vi testa ut to scenarioer redning av padlar frå kajakk i flåte og redning av padlar med hjelpar i sjøen. Redning frå sjøen er standard praksis for 330 skvadronen, og under andre forhold enn vindstille er nok dette beste løysinga. I vindrosa som danner seg i ein sirkel under helikopteret bles det orkan styrke, og ved ei redning i vind vil denne rosa lett legge seg over flåten. Under vår øving i vindstille, la rosa seg i ein sirkel rundt flåten, og det var problemfritt å halde flåten samla.

Stor takk til 330 Skvadronen

- Under øvinga stod alle tilskodarar i vatnet på trygg avstand for å hindre skader frå flygande sand, kajakkane var strippa for utstyr og årene var godt festa på dekk. Begge redningane gjekk heilt problemfritt, og etterpå fekk alle deltakarane prøve å bli vinsja opp i helikopteret frå stranda. Vi takkar 330 Skvadronen for ei særs nyttig og artig øving, dette vart ei oppleving for livet for deltakarane.

Aktivitetsleiaren sin rolle

- Vidare drøfta og trena vi på aktivitetsleiaren sine ulike roller og innhaldet i desse. Eg vil gjerne takke dei lokale arrangørane Gunleik Hoffmann og Håvard Engen for ein strålande jobb, og alle dei dyktige deltakarane for ein flott innsats og gode innspel. Som alltid når eg held samlingar, føler eg at det er eg som er mest privilegera som får reise rundt og vere padlemisjonær og treffe slike dyktige og herlige padlarar. Eg gler meg til neste gong!

Tags: #Hav